Conference getaway – Teambuilding


Bli med på ei unik teambuilding-oppleving for deg og dine tilsette! Vi tilbyd eksklusive båtturar i vår 150 år gamle notbåt “Himinglæva” for inntil 12 passasjerar om gongen. Vi køyrer langs land i Øystese- og Norheimsund-området, og de får smaka lokal fingermat og sider eller anna lokalprodusert drikke. Vi passerer frukthagar med snødekte fjell til bakteppe. Over fjorden i himmelsynet ligg Folgefonna som ei kvit perle. Båten er ein nyrestaurert og solid åpen trebåt, som går akkurat fort nok til å nyta fjorden på beste måte; med musikk i høgtalarane og noko godt i glaset.