Daglege rundturar til Kvamsøy


Det blir i tida frå 15. mai til 30. august daglege avgangar frå Øystese og Norheimsund til Kvamsøy, med retur etter eit par timars tid. På Kvamsøy finn ein eit tilrettelagt kommunalt friområde der ein kan gå tur på stiane eller finna roen på svaberget, og nyta den flotte utsikta både innover og utover fjorden. Her kan ein også setja opp telt dersom ein ynskjer å overnatte, kanskje du er så heldig å få oppleva ein flammande solnedgang over Kvammafjella. Øya er kjend for å ha kun ei fastbuande, som med geiteflokken sin held kulturlandskapet på øya i hevd. Vi har pakkepris for familie (2 voksne og 2 barn).

Avgangar frå Øystese til Kvamsøy:

09.30 frå hotellkaia i Øystese (Hardangerfjord Hotell)

13.30 frå hotellkaia i Øystese (kun overnatting, ingen retur fra Kvamsøy før 11.00 dagen etter)

Avgangar frå Kvamsøy til Øystese:

11.00 frå kaien på Kvamsøy

14.05 frå kaien på Kvamsøy