bryllaupsfotografering


BRUREFERD I HARDANGER

Ein spesiell dag fortener å bli foreviga på ein unik og vakker måte. Difor tilbyd vi, i samarbeid med fotograf Katrine Van Tulder / fjordmoods.com, å ta bryllaupsfoto om bord i vår flotte 150 år gamle trebåt “Himinglæva”. Båten kan ta inntil 12 passasjerar, så her er det plass til både brurepar, forlovarar og svigerforeldre om du ynskjer det. Brureparet får saueskinn å sitja på, og noko godt i glaset, for verkeleg å gjera turen komfortabel og romantisk slik at vi kan fanga dei beste foto-augneblinkane. Skal du gifta deg, eller kjenner nokon som skal gifta seg som du vil gje den perfekte bryllaupsgåva, ta kontakt med oss for å skreddarsy opplevinga til dine behov.