Terms & Conditions


Praktisk info & kjøpsvilkår:

Fjordxperience AS Org. nr –925 534 927 tlf+47 95410372

Ved tinging må ein gje gyldig kontakt- og fakturainformasjon, og betaling er del av tingingsprosessen.

  • Dette er ei utandørs oppleving. Det er tilrådd å kle seg høveleg etter veret. Ta med deg mat og drikke om du skal overnatte på Kvamsøy.
  • Vi seglar uansett ver så langt dette er forsvarleg, men tar atterhald om at kapteinen kan endre ruta for tryggast mogleg seglas.
  • Dersom ein tur ikkje kan gjennomførast grunna ekstremver eller annan force majeur får kunden beskjed frå oss om dette tidlegast mogleg samt ein full refusjon av betalt pris.
  • Deltaking på våre turar er på eige ansvar. Vi fylgjer alle gjeldande regelverk for transport av inntil 12 passasjerar med sjøfartsdirektoratet som tilsynsorgan. Alt av sikkerhetsutstyr, digitalt sikkerhetsstyringssystem og redningsvestar i passande storleikar er tilgjengeleg om bord og alle våre skipparar og guidar har gått gjennom obligatoriske maritime sikkerhetskurs som del av sin opplæring.
  • I Koronatider syt vi for best mogleg gjennomføring av smitteverntiltak, inkludert bruk av antibakteriell håndvask før og etter turen samt desinfeksjon av overflater og utstyr mellom turane.
  • Dersom du ikkje føler deg heilt frisk ber vi deg halda deg heime, og viser til gjeldande koronareglar og retningsliner fra NHI.
  • Vi kan ikkje garantere for ankomst eksakt til angitte tidspunkt , då desse kun er estimat. Faktisk turvarigheit og ankomsttid kan variere grunna verforhold og andre faktorar vi ikkje kan kontrollere, men vi gjer alltid vårt beste for å være punktlege.
  • Betaling: Ved fakturabetaling sendes faktura til bestillings/betalingsansvarlig. Vi ber om fakturainformasjon (Namn, Adresse, Telefonnummer, Epost).
  • Avbestilling: Privatturar kan avbestillast kostnadsfritt inntil 1 veke før planlagt turavgang, ved avbestilling mindre enn 1 veke før planlagt turavgang refunderast 50% av prisen. Ved avbestilling 2 eller færre dagar før planlagt turdato eller ved no-show får ein ikkje pengane attende. Avbestilling skal vera i skriftleg form til post@fjordxperience.no
  • Vi rår til å alltid ha reiseforsikring.
  • Gåvekort: Gåvekort er gyldige i 1 år etter kjøp og ikke refunderbare.
  • Ved rabattordningar/tilbod kan kun ein rabatt brukast per tinging.
  • Fjordxperience har lov til å dela bilete/videomateriell fra turen der du ev. er med i forbindelse med marknadsføring utan juridiske konsekvenser. Sjølvsagt er det mogleg å gje beskjed om du ikkje ynskjer å være med på slikt materiell som potensielt kan verta delt; i så fall kan du sende oss ei skriftleg henvending til post@fjordxperience.no