Om oss


 

Fjordxperience AS er ei nyoppstarta bedrift eigd av sambuarparet Vendel Aaram og Olav Vik. Vi er til vanleg bønder, med kvar vår gard; ein til kvardags og ein til feriane.  På garden i Øystese dyrkar vi økologiske eple og driv med sau og kjøttkanin. På garden i Vanylven, nord for Stad, dyrkar vi økologiske aronia, solbær, ripsbær, stikkelsbær og rabarbra. 

Vendel har ti års erfaring frå turistbåtar i Nærøyfjorden og Bergensområdet, Olav er meir av ei landkrabbe og har arbeidd som CNC-operatør dei siste 14 åra. Han ynskjer no å bli bonde på heiltid. Begge har me eit brennande ynskje om å vise fram Øystese og Hardangerfjorden frå si beste side.